KVALITET, TRYGGLEIK & PROFESJONALITET
Vi utfører betongarbeid på industribygg, fjøs og andre driftsbygningar, kraftverk og einebustadar. I tillegg tek vi på oss mindre oppdrag knytte til hage, garasje, støttemurar og liknande - for både offentlege og private oppdragsgivarar.

Tjenestar
Har du eit prosjekt som går utanom det vanlege? HBV Betong utfører alle typar betongarbeid, både stort og smått. Kontakt oss gjerne med informasjon om ditt for eit uforpliktande tilbod og gode råd.
GOLVSTØYP
Vi utfører golvstøyp, komplett i alle typar bygg. Vi isolerar, radonsikrar, armerar og støyper og sørgar for ein profesjonell og god utførelse av ditt betonggolv, anten det gjeld bustad eller store industrigolv. HBV betong utfører også rehabilitering, retting og pigging av eksisterande golv. Vi har lang erfaring og svarar raskt på dine spørsmål.

GARASJEANLEGG
HBV Betong AS har lang erfaring med tilbygg- og garasjeanlegg. Vi leverar komplette garasjeløysingar med veggar, dekke og golv både for privat- og offentlege. Vi utfører dei fleste typar oppdrag innan betongarbeid - så spør oss gjerne om ei uforpliktande befaring og tilbod for ditt byggeprosjekt.

MUR- & FJELLSIKRING
Har du utfordringar ved opparbeiding av tomta di, sikring av kantar, murar og fjellskråningar? Vi har god erfaring med sikringarbeid og opparbeiding av alle typar forstøtningsmurar, omgivelsar og terrenget. Ein forstøtningsmur kan virke svært dominerende i et landskap, og er derfor viktig å tilpasse i forhold til omgivelsar og terrenget.

LANDBRUK OG INDUSTRI
Vi har brei erfaring innen landbruks- og industribygg. Vi utfører betongarbeid som del- eller totalentrepriser på fjøs, redskapshus og industribygg, gjerne i samarbeid med andre, underleverandører. Vi tilpassar og tilrettelegg løysingar for ditt behov.

BUSTAD
Vi har dei siste 15 åra produsert og levert årleg mellom 20-30 grunnmurar i ulike fasongar for bustad- og fritidsbustadar. Om tomta di er flat eller skrånande har vi erfaring med løysingar for alle typar terreng og konstruksjonar. Spør oss gjerne om befaring.

KRAFTVERK OG BYGG
HBV Betong AS har ei årrekke levert betong og tømrararbeid for kraftverk i nærområdet. Vi har god erfaring og lang referanseliste som underentreprenør og hovudentreprenør på kraftverk. Kontakt oss gjerne for referanseprosjekt, bilete og meir informasjon.
